Velkomen til kursoversikten!
Alden Integration held seminar og kurs i Noreg og resten av Skandinavia. Om du er interessert i at eg skal halde kurs eller eit lenger seminar der du bur, send meg ein epost.
Sjølv læring
Desse kursa er under utvikling, men vi planlegg å halde eit i Noreg i oktober 2010. Vi har kalla det "Navigating within the Self". Kurset blir på engelsk, men eg kan oversetje til norsk dersom det er ønskeleg. Du finn plakat og annan informasjon på JordSirkel.com. For meir informasjon og påmelding ber eg om at du kontaktar Anne Britt Hollup 99 29 38 19. På dette kurset ber eg om at de tek med dykk 5 små steinar, kle for årstida slik at vi kan vere både ute og inne og tenkjer gjennom kvifor de vil vere med på kurset.
Energi seminar

Fokuset på seminara er å instruere folk i korleis dei kan lære om energien i deira eigen kropp. Gjennom øvingar og teknikkar vil studentane lære korleis dei kan arbeide både på seg sjølve og andre. Desse klassane er perfekte for sjølv utvikling og for personar som arbeidar i yrke der ein arbeidar på andre.
Eg har hatt mange seminar i Noreg og menneske kjem av mange årsaker som at dei treng meir energi, dei ønskjer å lære meir for å starte deira eigen karriere, arbeide på familie medlemmer, arbeide på seg sjølve eller berre for å nyte energien på kurset. Eg likar kurs som dette fordi dei er ein god måte å hjelpe menneske.
For grunnleggande informasjon om kva eg lærer frå meg vil eg be deg om å lese kva eg har skreve om teknikkar under Energiarbeid.
Du kan ringe meg på (+1) 707-462-3446 eller sende ein e-post på denne sida. Skype er også eit alternativ. Mitt brukarnamn er fralden.