Energiarbeid behandlingar

Energiarbeid har ein sterk positiv helsemessig innverknad. Dei aller fleste kjem til meg fordi dei søker ein eller fleire av desse fordelane med healing:

  • Redusert smerte
  • Dei ønskjer å bli meir avslappa
  • Dei har helsemessige problem som dei ønskjer hjelp med
  • Dei ønskjer eit sterkare immun system

Når ein klient kjem til kontoret mitt for første gong for ei behandling, har eg eit lite bli-kjent-med-deg samtale for å samle ein del viktig informasjon om kva du ønskjer at eg skal hjelpe deg med. Eg vil også svare på alle spørsmål som du måtte ha om energiarbeid. Du kan også stille spørsmål under behandlinga om du ønskjer det.

Korleis ein skal kle seg har vore eit spørsmål som har blitt stilt meg mange gongar. Eg anbefalar at du kler deg komfortabelt. I behandlingane mine brukar eg ikkje olje eller massasje som krever at ein må kle av seg. I løpet av ei behandling arbeidar eg vanlegvis med healing eller trykkpunkt. Men dersom du føretrekker å ikkje bli rørt, kan eg arbeide i energifeltet ved å bruke healing. Ver så vennleg å la meg få vete kva du ønskjer i løpet av det første intervjuet.

Eit vanleg spørsmål som ofte blir stilt meg er kor ofte og kor mange behandlingar vil eg trenge? Kvar enkelt har deira unike behov og derfor er behandlingane spesialtilpassa til deg. For nokre kan det vere optimalt å ha to behandlingar kvar veke for ein periode, mens for andre ein behandling i veka, ein behandling i måneden eller for mange ein behandling kvar årstid er nok. Energisystema treng tid etter kvar behandling for å integrere den "nye informasjonen" så eg vil normalt ikkje ha ein pasient meir enn to behandlingar kvar veke.

Dersom du ønskjer å ha med deg ein annan person i rommet for støtte, mens du får ei behandling, er det i orden for meg. Det kan hende at eg ber om stillhet mens eg arbeidar dersom det er nødvendig.

Vennlegst ring meg eller send ein e-post dersom du har spørsmål eller treng meir informasjon.

Eg ser fram til å arbeide med deg.