Energiarbeid tenester
- Behandlingar
- Seminar og kurs
- Opplæring/presentasjon
Eg er utdanna Energy Teacher og arbeider også med behandling. Eg starta studiane mine ved International School of Therapeutic Touch and Energy (ISTTE) i 1993. Denne skulen held til i Haltern, Tyskland, men Imre Kerner har hatt kurs i Noreg og eg har også vore i Tyskland på kurs. Eg har også vore på tre kurs med Rosalyn Bruyere (frå USA) i 1995/1996. I tillegg har eg også teke grunnkursa til NFSH (National Federation of Spiritual Healers) i England i 1994/1995.
Det er fascinerande å oppleve korleis energiflyten i kroppen kan bli betra med enkle teknikkar. Mesteparten av dei kan gjerast heime eller på arbeidsplassen når det passar personen. På denne måten kan eg kombinere arbeid og undervisning slik at personen kan ta vare på seg sjølv utan mi hjelp.
|