Teknikkar som er brukt i energiarbeid

Energiarbeid er eit uttrykk som eg brukar som eit samlebegrep for dei teknikkane (healing, trykkpunkt og øvingar) som eg har lært i Europa. Eg kombinerer desse teknikkane for å styrke flyten av energi i kroppen. Energiarbeid krever ikkje at klienten kler av seg.

"Healing"

"Healing" (USA: "Energy Healing") er referert til i mange kulturar over heile verda og er kjent under forskjellige namn. I Storbritannia og Skandinavia er denne typen arbed kjent som "healing". I Noreg er det også kjent som helbredelse og varme hender. Ordet healing kjem frå det Keltiske og Greske ordet heilin. (På tysk heilen.) Den Greske Gudinna Helen var gudinna for healing og lys. Helios, helle, hel, heilen har alle røter som går tilbake til ord for healing og lys.

"Healing" involverer å arbeide med klienten for å øke, støtte, bringe tilbake og balansere kroppens energifelt. Energifeltet er det elektromagnetiske feltet (kjent i nokre disiplinar som "auraen"), som omgir den fysiske kroppen til alt som er i live. "Healing" kan revitalisere cellene i kroppen og kan styrke immunforsvaret.

Trykkpunkt

Trykkpunkt er ein måte å få tilgang til energibanene i kroppen. Desse punkta kan av og til vere såre/smertefulle, men når du slappar av kan energien flyte fritt i kroppen din.

Trykkpunkt kan arbeidast på i ein forsiktig, respektfull veg. Dette vil gje personen meir tid til å slappe av og det blir meir komfortabelt.

Øvingar

Øvingar er ein viktig del av energi prosessen for sjølv healing og sjølv endringar. Dei er spesielt viktige verktøy for personar som arbeidar i yrke der ein hjelper andre.