Om Alden Integration

Firmaet vart starta i desember 1996. Det er registrert i Brønnøysund som eineeigarselskap under organisasjonsnummer NO 977 180 341.

Namnet Alden Integration har blitt valgt utfrå lover og kva eg held på med. Alden er eg nøydd til å ha med pga. norsk lov. Ordet integrering vart vald utfrå den betydninga det har (å få noko til å fungere saman, gjere heil). På den måten kan det dekke integrering av kunnskap om datamaskiner (eller dataprogram), eller integrering av informasjon mellom menneske.


 

Resymè

Utdanning:

Handel & Kontor med økonomi og data (hausten 1982 - våren 1985).
Stryn vidaregåande skule, første året. Eid vidaregåande skule, med økonomi 2. året og data siste året.

Distriktshøgskulen Møre og Romsdal, Molde, data & informatikk (hausten 1985 - våren 1987).

Odda Gymnas, gymnasfag (hausten 1992 - våren 1993).
5750 Odda, tlf: 53 64 14 66. Tok eit år med gymnasfag for å få eit grunnlag for seinare studie. Arbeida med data på fritida (Hardanger Vekst AS) og heldt meg oppdatert via tidsskrift, programvare og personar som eg kjenner i edb-miljøet.

Annan type utdanning:

Kurs og sertifiseringer

  • Kurs og test i 70-210 "Implementing Microsoft Windows 2000 Professional".
  • Kurs og test i 70-215 "Implementing Microsoft Windows 2000 Server"
  • Kurs og test i 70-216 "Implementing a Microsoft Windows 2000 network infrastructure".
  • Kurs og test i 70-217 " Implementing and administering Microsoft Windows 2000 Directory Services"
  • 70-271 Supporting Users and Troubleshooting a Microsoft® Windows® XP Operating System
  • 70-272 Supporting Users and Troubleshooting Desktop Applications on a Microsoft® Windows® XP Operating System
  • 70-270 Installing, Configuring, and Administering Microsoft® Windows® XP Professional
  • 70-290 Managing and Maintaining a Microsoft Windows Server 2003 Environment
  • 70-291 Implementing, Managing, and Maintaining a Microsoft Windows Server 2003 Network Infrastructure
  • Har teke alle 7 modulane i Datakortet.
  • CompTIA A+ core (teknisk sertifisering).
  • CompTIA A+ OS (software sertifisering)

 

Sjølvstudium der eg har lært det meste om bruken av:

  • Microsoft Office 97, 2000 og 2003. Dette inkluderer også drift og installasjon frå servere.
  • Teknisk kompetanse (sjå sertifiseringar).

Andre program som eg har arbeidt litt med opp gjennom åra:

  • CorelDraw 9
  • Microsoft Project 98, 2000 og 2003
  • Microsoft Visio
  • Microsoft Frontpage 98, 2000
  • Pagemaker 6.52
  • MaroMedia DreamWeaver MX.

Arbeidserfaring

Militærteneste i kystartilleriet ( hausten 1988 - hausten 1989)
Arbeida med data på fritida (undervisning samt bruk av DataEase).

Hardanger Vekst AS (Januar 1989 - juli 1993)
Drift og vedlikehald i Hardanger Vekst AS, og konsulentoppdrag for andre bedrifter i Odda. Arbeida med drift, vedlikehald og opplæring i edb. EDB-skulen hadde eit Banyan Vines nettverk, og eg hadde all drift og vedlikehald. I tillegg var eg borti IBM token-ring og Lantastic hos kundar der det var snakk om konsulentoppdrag innan drift, vedlikehald og opprydding i nettverk.

Stryn kommune (august 1993 - november 1993)
Arbeida med undervisning av barn i grunnskulen, samt at eg rydda alle PC'ane som var på skulane der eg jobba. Her var arbeidet alt frå fjerning av virus til nyinstallering av programvare.

Telenor Comma AS (1993 - 1996)
Hadde forskjellige arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og planlegging av kurs i 2 år for Phillips Petroleum. Dei trengte opplæring i vedlikehaldssystemet Passport for 1600 tilsette. Eg arbeida i lag med 8 andre instruktørar og hadde ansvaret for planlegging av kursa (når kursa skulle gå og kven av instruktørane som skulle undervise). Planlegging av kursa vart gjort med Microsoft Project.
  • 1 år med drift og vedlikehald av det interne datasystemet samt nokre av kundane (NOPEF og NOHA Norway AS) sine datasystem. Arbeidet bestod for det meste av arbeid med Microsoft Windows NT 3.1, NT 3.5 og Novell 3.12 på serversida og NT Workstation eller Windows 95 på klientsida. Ein av kundane hadde Banyan Vines.
  • Hadde ansvaret for oppbygging av eit studierom for dei tilsette der vi hadde ein server, ein arbeidsstasjon og bøker som var aktuelle for utvikling av kunnskapane til dei som arbeidde med service hos kundane.

Forlaget Vidd & Visdom ANS (januar 1998 - hausten 2001)
Eit lite forlag som eg hadde i lag med min tidlegare sambuar. Er lagt ned.

Alden Integration (Januar 1996 - )
Tonningsbakkane 35, 6783 Stryn. Starta eiga bedrift ved årsskiftet 95/96 der eg har arbeida med undervisning og konsulentarbeid innan data. Arbeidet innan data har bestått av installasjon og drift av Windows NT/2000/2003 samt kursing i Windows NT/2000 (dei same kursa som eg har sertifisering i), Office 2000/2003 bruk, installasjon og drift, A+ teknisk og annan programvare.

Nedanfor har eg laga eit samandrag av arbeidsoppgåvene i firmaet mitt.

Alden Integration

Arbeidsoppgåver

Som dagleg leiar og arbeidar/konsulent i mitt eige firma har eg hatt ansvaret for nesten alle funksjonane. Arbeidsoppgåvene har vore:

  • oppstarting av firmaet
  • finne nye satsingsområde
  • marknadsføring
  • sal av tenestene og produkta
  • fakturering (ikkje rekneskap)
  • oppdatering av kunnskapar
  • skaffe utstyr og programvare

Kundar/prosjekt

Datavikar/Olsten/Ajilon (august 1996 - 2001)

For dei hadde eg fleire kundar som Friundervisninga i Bergen, Merkantilt institutt, Getronics og DnB. Har spesifisert litt nedanfor kva type arbeid eg utførte hjå nokre av dei. Arbeidet var alt frå konsulentoppdrag til opplæring innan MS Windows NT/2000 server og MS Office.

Getronics (august 1996 - 1998)

Arbeida som konsulent ute hjå kundane deira og som teknikar inne på verkstaden deira. Som konsulent arbeida eg i hovudsak med Windows NT og Windows 2000 servere. Arbeidet var svært variert frå feilsøking i nettverk og servere til nyinstallasjonar av servere og arbeidsstasjonar.

På verkstaden deira arbeida eg med PC'ar som kundane deira hadde levert inn for reparasjon. Dette kunne vere alt frå feil i hardware til programvare.

Xtra ( 2002 - 2003 )

Har hatt eit par mindre oppdrag for dei i Bergen.

Folkeuniversitetet Vest, Sotra (Januar 2004 - juni 2004)

Arbeida med datakortopplæring (PC, Windows XP, Office 2003).

Ajourit, Bergen (Januar 2000 - juni 2005)

Arbeida med opplæring innan desse emna:

  • Office 2000/XP/2003 ++, vanleg bruk og installasjon frå servere til arbeidsstasjonar
  • Hausten 2000 heldt eg tekniske kurs som tok for seg oppbygning av PC samt installasjon av operativsystem, drivarar og applikasjonar.
  • Windows 98/NT/2000/XP, bruk, installasjon og vedlikehald. Blant anna gjennom Active Directory policies.
  • Hadde dei fire første kursa i eit opplegg der elevane skulle gå gjennom heile MCSE-pensumet i løpet av 9 månader. Tok dei tilsvarande eksamenane.
  • CompTIA A+ teknisk og software sertifisering
  • Windows 2000 server og arbeidsstasjon opplæring tilsvarande eksamenane 70-210 og 70-215. Windows 2000 vart erstatta med Windows XP pensum når den kom.
  • Windows Server 2003 og Windows XP. Undervisning frå 7. januar til 10. juni 2005 for personar som er på attføring. Opplæringa dekkar krava for å bli MCSA.
  •  I tillegg har eg køyrt ein del enkle kurs i Word og Excel (tilsvarande Datakortet).

Microsoft er eit registrert merke for Microsoft Corporation i USA og andre land.

Til toppen av sida

 

 

 

MCSA sertifisering

MCP sertifisering

MCDST sertifisering