Å ha ei god web side er eit markedsføringsverktøy for å gjere bedrifta di kjent i eit større marked. Enten du har eit firma som sel produkt eller tenester, eller berre treng ei informasjonsside, så gjer Internet det mogleg for menneske å finne deg døgnet rundt. Dersom du har spørsmål om data eller internet teknologi, er det berre å kontakte meg.

Når eg utviklar web sider i lag med ein kunde følger eg ein prosess som er lik dette:

  • Ein første fri konsultasjon for å finne ut av kva behov du har for internett sider.
  • Frå dette første møtet lagar eg ein plan og kostnadsoversikt over dei forskjellige behova.
  • Vi møtes igjen og bestemmer kva du ønskjer å gjere.
  • Vi arbeider på web sidene og har møter for å sjå om vi har møtt delmål og om vi skal gå vidare
  • Etter at web sidene er oppe og går, er eg tilgjengeleg om du ønskjer at eg skal vedlikehalde web sidene dine.

Prinsipp for utvikling av web sider:

  • Tilgjengeleg for alle internett brukarar. Eg gjer mitt beste for at sidene skal vere bygd på standarder som dei aller fleste internett uforskararne støttar (HTML, PHP og CSS).
  • Sidene skal vere raske å laste ned. Dette er viktig fordi kunder ikkje ønskjer å sitte og vente på at sidene kjem opp på skjermen.
  • Web sidene skal vere enkle å lese slik at kundane liker det dei ser og kjem tilbake.
  • God navigasjon slik at kundane finn det dei vil ha.
  • Sidene skal vere så raske å laste ned som mogleg. Grunnen til dette er at mange som brukar internett ikkje har rask nedlasting. Dei ønskjer ikkje å sitte og vente. Då går dei heller til konkurrenten.
  • Sikring av data der det er mogleg og nødvendig.


 

For å lage websider tenkjer eg gjennom kva kunden treng no og kva dei ønskjer i framtida. I mange høve ønskjer ein berre å ha ei statisk side som ikkje blir oppdatert så veldig ofte. Då brukar eg som oftast rein HTML, CSS og PHP.

Dersom kunden har eitt eller fleire av dei følgjande kriteria vel eg å bruke Drupal (eller Wordpress) som ein basis for websida:

  • Direkte oppdatering
  • Blog (Wordpress kan vere eit godt alternativ her om det er det einaste kriteriet.)
  • Online butikk
  • Forum
  • Alle former for kommunikasjon med kunde/brukar på internett.